Song til Stad
(Tekst og melodi av Birger Meland
– ein hyllest til folket på Stad)
- Der stig av hav eit alveland
- i trolldoms dis eg skådar
- Du er mi strand, - mitt heimstadland
- her vil eg bu eg lovar
- Du kneiser høgt mot himmel blå
- du bær på skodda tung og grå
- Når stormar blæs om øy og skjær
- då i din favn eg sovnar
-
- Sjå Stad som kneiser ut av hav
- med brudeslør av bårer
- Der mang ein sjømann fann si grav
- det rører meg til tårer
- Eg ser på grender som der er
- eg skådar brenning stor og svær
- Eg ser ein fiskar utpå fer
- med faste tak om årer
-
- Frå Fure legg vi ut ein dag
- med solgangsbris om stavnen
- Vi er langt vekk frå stress og jag
- vi tek vår heim i favnen
- Lat anker gå ved Hoddevik
- vi berføtt går i sanden kvit
- Her ut mot havet vil vi bu
- det er vårt ja og amen
-
|
-
-
-
-
Frå Ervik, Hovden turen går
- vi rundar neset Kleiva
- Og vinden ruskar i vårt hår
- når vi fer fram i leia
- Ei sol som sakte sig i hav
- og som står opp og kjem med dag
- Om stormen brusar og er hard
- vi slær vårt gras i heia
-
- Ei følsom kjensle i meg brenn
- ein flamme i mitt indre
- Ein stad der ute finst ein venn
- som let mitt auge tindre
- Og når min dag så komen er
- eg veit du står mitt hjarte nær
- Då skal eg sveve bort frå jord
- med glede i mitt minne
|